Dar gjekk dampen, men her kjem vi! – Nordbygda samfunnshus 11. februar kl.19.00

Framsyninga freistar å fortelje litt om Nordhordland og nordhordlendingen.
Dette skjer i tekst og tonar, laga av folk som på ulikt vis er knytte til distriktet vårt. Og dei som framfører dette, har det til felles at dei er herfrå, eller bur her.
Noko av stoffet som vert framført, er truleg godt kjent frå før. Noko er neppe kjent av så mange. Men ulike som innslaga er, bidreg dei til å fortelje same historia: historia om korleis det har vore, og er, å leve i Nordhordland.
kr 0,00 – kr 350,00
